RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Her skal barna gå til skolen på mandag

Nokre av blokkene som kom ned i vegen mellom Stongfjorden og Ringstad søndag morgon. Her er vegen rydda så pass at bilar igjen kan passere.
Nokre av blokkene som kom ned i vegen mellom Stongfjorden og Ringstad søndag morgon. Her er vegen rydda så pass at bilar igjen kan passere. Foto: Roy Sævik
Store steinblokker dundret ned i veibanen. Mandag skal det gå barn til skolen på veien.

ASKVOLL (Firda): Store steinblokker rasa søndag morgon ned i vegen på Fv609 langs Eidsfjorden. Raset gjekk eitt døgn før skulebussen skal køyre barne- og ungdomsskuleelevane frå Stongfjorden til skulestart i Holmedal og Askvoll.

Støkk i magen

– Det gav oss ein skikkeleg støkk i magen. Dette er ekkelt, seier Håvard Yndestad, far til ein seksåring som frå i morgon skal ha denne vegen som skuleveg til Firda. 

Sjølv kom Yndestad køyrande til staden då vegen nett var opna for trafikk igjen, litt før klokka 11 søndag føremiddag.

– Det verka som det hadde kome lause steinmassar frå ura ovanfor. Fleire av steinane var store, med ein diameter på opp mot eit par meter, og hadde laga hol i vegbanen. Då vi kom til staden var det manuell dirigering, og såvidt mogleg å snirkle seg gjennom, fortel Yndestad.

Skulevegen

– Det første som slår oss, er at dette er skulevegen for borna våre, etter at skulen i Stongfjorden vart lagt ned. Og eg tenkjer også på at kona mi pendlar denne vegen. Slike steinar knuser ein liten bil, seier han.

Håvard Yndestad tykkjer raset som gjekk søndag morgon er urovekkande:

– Rasfaren på vegen langs Eidsfjorden har vore eitt av argumenta vi har brukt for å få behalde skulen. Når eg ser at det rasar så kort tid etter at skulen vart lagt ned, får eg ilt i magen, seier Yndestad til Firda.

“Viser risikoen dei tok”

Roy Sævik, som stod sentralt i kampen mot skulenedlegginga, meiner raset viser kva risiko politikarane i Askvoll tok, då dei la ned skulen i Stongfjorden.

– Dei kjende godt til kor rasutsett denne vegen er. No ser dei kor nær ein var ein tragedie. Blokkene som kom ned, var så svære, at dei ville sendt skulebussen på fjorden, om den hadde blitt treft. Raset skjedde heller ikkje under ekstreme vertilhøve, når ein kan vente at det går ras. Dette kan fakstisk skje når som helst, seier Sævik, og legg til:

– Problemet for oss, er at borna våre vil ha rasutsett skuleveg, same kva retning vi måtte sende dei. På Askvollsida har vi vegen langs Eidsfjorden, på vegen mot Førde har vi fleire rasutsette område. 

- Forhold oss til faginstansar

Ordførar Frida Melvær (H) i Askvoll kommune seier til NRK Sogn og Fjordane seier  at dei dei er kjende med raspunkt i Eidsfjorden, men at det er sjeldan det går ras der.

– Når faginstansar vurderer det som trygt å opne att, så forhold vi oss til det. Eg har snakka med Vegvesenet som vurderer at det ikkje er fare for nye ras. Då forhold vi oss til det.

Les flere saker hosFirda!

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere