Gå til sidens hovedinnhold

Høyt smell på Nordfjordeid viste seg å være jordskjelv

Jordskjelvstasjonen i Bergen melder at skjelvet var på 2,6 på Richters skala.

Det melder Vest politidistrikt like etter klokka 21.00 fredag.

Det skal ha vore eit høgt smell i Nordfjordeid sentrum med påfølgande risting i bakken som gjorde at politiet tok kontakt med Jordskjelvstasjonen i Bergen, det skriver Firda.

– Det skal ha vore eit jordskjelv i området som har gitt utslag på fleire av målestasjonane deira, men per no er det uvisst kor episenteret er, opplyser politiet.

Operasjonsleiar Morten Rebnord seier at dei har fått ein del telefonar frå folk på Nordfjordeid.

– Dei som har ringt har sagt det same, at det har vore eit svært smell og at det rista i bakken. Etter det vi veit skal ingen personar vere skadd, det er heller ikkje meldt om materielle skadar. Vi har ein patrulje på veg og vil oppdatere når vi veit noko meir, seier Rebnord til avisen.

Klokka 21.33 seier politiet at skjelvet hadde ein styrke på 2,6 og er registrert i området rundt Stårheim, vest for Nordfjordeid.

Les flere saker hos Firda her!

Reklame

Black weekend: Salgene fortsetter - Her får du oversikten du trenger