RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss
Ein av oppgåvene til Sidsel Teresa Sørebø er å vaske ved kyrkjelydshuset.
Ein av oppgåvene til Sidsel Teresa Sørebø er å vaske ved kyrkjelydshuset. Foto: Frode Grimelid (Firda)

Hun får 8 kroner i timen

Sist oppdatert:
Sidsel Teresa Sørebø bruker fem timer om dagen på å jobbe med renhold, rydding og kantine.

(Firda) – Vi gjer ein god jobb for kommunen og får skryt av dei vi jobbar for, dei blir sjokkerte når vi fortel kva vi tener, seier Sørebø til Firda.

Sørebø er uføretrygda, men ho vil ikkje sitte heime. Sidan ho ikkje kan ha vanleg arbeid, har ho søkt seg plass på Kronborg ressurshage i Førde.

Måndag vaskar ho kyrkja, tysdag ryddar ho Hafstadparken for boss og lagar lunsj til dei andre som jobbar på arbeidslaget Blomreina. Torsdag vaskar ho elleve kontor og kantine på kyrkjelydshuset. Fredag er det igjen tid for rydding av Hafstadparken og førebuing og rydding av lunsj på Blomreina.

Personar som har uføretrygd har lov til å tene inntil 1G (85 245 kroner i 2013) i året, slike summar blir det ikkje med åtte kroner timen.

Handlar om verdigheit

– Tilbodet ved Kronborg ressurshage er til for at dei, som av ulike årsaker ikkje kan delta i det vanlege arbeidslivet, skal få ein meiningsfull kvardag, seier einingsleiar Halvard Brekke.

I somme kommunar må dei som nyttar seg av liknande tilbod betale, i somme får dei motivasjonslønn for oppmøte. I Førde kommune er denne motivasjonslønna åtte kroner i timen, nesten halvparten forsvinn i skatt.

Kommunalsjef for helse og sosial, Kurt Even Andersen meiner tilbodet i Førde er unikt.

– Eg trur det er få kommunar som har eit så variert tilbod for så mange, det er over hundre deltakarar, seier Andersen, som er redd ei auke i motivasjonslønna kan gå ut over mangfaldet i tilbodet.

Sørebø meiner den låge betalinga er uverdig, når dei faktisk utfører nyttige tenester for kommunen, kyrkja og andre. Jobben har ho ingenting å sei på.

– Eg likar jobben, det er godt å ha noko å gå til, det er lønna eg synest er for dårleg, seier Sørebø.

Lite motiverande

Brekke forklarer at pengane ikkje er meint som lønn, men som motivasjon for å delta.

– Veldig mange av dei som er her er glad for at ordninga er som ho er. Nokre er glad for kvar ei krone, andre meiner nivået bør vere høgare, seier han.

Sørebø meiner motivasjonslønna er det motsette av motiverande.

– Forstår du at det kan kjennest nedverdigande å få betalt åtte kroner timen?

– Jo, kanskje, men det er viktig å skille mellom inntekt og motivasjonslønn, vi prøver å vere tydeleg på det. Nokre ser på dette som det ein skal leve av, med den tilnærminga blir åtte kroner i timen heilt meiningslaust. Ser ein på det som ei ordning for å få folk til møte opp, så får du eit litt anna bilde. Då er det noko som kjem på toppen av inntektssikringa frå NAV, seier Brekke.

Kunne ha vore heime

Sørebø er frustrert. Ho meiner ho og mange andre ved Kronborg ressurshage gjer ein jobb som fortener betre lønn.

Ho føler at kommunen undervurderer den innsatsen og ferdigheitene ho og andre sit med.

– Det er greitt, eg kan gå å plukke boss, eg er ikkje flau over det. Eg gjer det fordi eg ikkje vil sitte heime, seier ho.

Les flere saker fra Firda.

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere