RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Telefonrekning for to timar kom på 128.000 kroner

Kim Tangedal vart rana på stranda i Barcelona, og fekk ei telefonrekning på 128.000 kroner.
Kim Tangedal vart rana på stranda i Barcelona, og fekk ei telefonrekning på 128.000 kroner. Foto: Astrid Iren Solheim (Firda)
Sist oppdatert:
Blei rana på stranda i Barcelona. Fekk svimlande telefonrekning.

Kim Tangedal frå Sande var på ferietur til Barcelona saman med nokre venner i sommar, då han fekk ei oppleving han aldri kjem til å gløyme. Etter ein tur på byen om natta, var han på veg tilbake til hotellet då han overraskande vart angripen av tre menn på stranda midt i byen.

Sjå saka i Firda.no

Tok mobilen

– Eg vart stoppa av tre personar på stranda, og den største av dei truga meg med ei glassflaske i handa. Han prøvde å slå til meg, medan dei to andre sparka og dytta til meg. Eg prøvde å forsvare ansiktet mitt så godt som mogleg. Det heile var over på knapt ti sekund, seier Tangedal og oppdaga rett etterpå at mobiltelefonen han hadde i lomma var borte.

– Eg trudde ikkje det hadde noko med angrepet å gjere, men at eg hadde mista telefonen tidlegare på laurdagsnatta. Eg fekk låne ein telefon av ein engelskmann på stranda, og ringde nummeret mitt. Då fekk eg svartone, men det var ingen som svarte. Difor gjekk eg tilbake den same runden som vi hadde vore tidlegare på natta for å leite etter telefonen. Men eg fann den ikkje, seier Tangedal etter hendinga.

Tilbake på hotellet logga han seg pc´en sin, og gjekk inn på «Find my iPhone» for å aktivere «mistet modus-funksjonen».

– Då ser eg at telefonen er fråkopla og at eg ikkje får kontakt. Eg hugsar at siste gong eg såg på telefonen om natta, så hadde eg berre sju prosent av batterikapasiteten igjen. Eg tenkte difor at batteriet var tomt, og at ingen andre heller kunne bruke telefonen. Noko eg slo meg til ro med, seier Tangedal.

SVIMLANDE REKNING: Då Kim Tangedal gjekk til butikken i Førde for å bestille seg ein ny mobil, oppdaga han at fakturabeløpet på nummeret var på heile 128.000 kroner.

Det store sjokket

Det store sjokket kom først då Kim Tangedal gjekk på butikken i Førde to dagar etter hendinga i Barcelona, og skulle bestille seg ein ny telefon hos Telenor:

– Tidleg måndag gjekk eg til butikken i Førde for å bestille meg ein ny mobil. Då oppdaga eg at fakturabeløpet på nummeret mitt var på heile 128 000 kroner. Då først tenkte eg at dette måtte ha noko med knuffinga på stranda å gjere, seier Tangedal som umiddelbart kontakta politi og forsikringsselskap. Han meldte telefonen som tapt hos politiet, og av forsikringsselskapet fekk han meddelt at han fekk dekka 4000 kroner for tapt telefon.

– Dermed tok eg kontakt med Telenor og la fram saka sett frå mi side. Eg meinar sjølv at eg har handla etter beste evne i denne saka. Eg var prega etter hendinga med dei tre på stranda, men meiner sjølv at eg hadde handla fornuftig etterpå med tanke på å finne telefonen. Eg hadde aldri høyrt eller lest om at det kunne vere mogleg å misbruke ein telefon på ein slik måte, seier Tangedal og går ut med historia for at andre skal bli merksame på kva som kan skje.

Fekk dekka mykje

Etter dette tok han kontakt med Telenor og fekk etter ein del kommunikasjon svar på at selskapet ville dekke ein betydelig del av kostnadsbeløpet. Men så lenge han ikkje hadde meldt telefonen sakna, så kunne han ikkje få dekka alt.

– Eg har ingen vanskar med å forstå at eg burde ha meldt telefonen sakna med ein gong. Men for det første så trudde eg ikkje at den var stolen. Dessutan hadde eg ikkje tankar om at SIM-kortet kunne nyttast til noko slikt, seier Tangedal.

Og han er godt nøgd med at Telenor stiller opp og dekker 90 prosent av totalbeløpet.

– I brevet frå Telenor viser dei til at SIM-kortet mitt på ulovleg vis har blitt sett opp med fleire samtidige anrop, og at dei som hadde fått tak i SIM-kortet hadde fått på plass vidarekoplingar og generert innkomande mobiltrafikk til dette nummeret. Og i følge Telenor så hadde hovudtyngda av misbruket starta rundt klokka 10.30, og den hadde halde fram til omtrent 12.40. Då hadde Telenor sjølv oppdaga tilhøvet som følge av den store trafikken. Dei hadde då sperra abonnementet/sim-kortet for vidare bruk, seier Kim Tangedal og viser til at også mobilsvarar og andre forhold har blitt påverka.

– Sperringa eg hadde på 500 kroner for ringing i utlandet har dei også fjerna. Anten ved at dei har sendt SMS til Telenor eller at det har skjedd automatisk. I ettertid har eg også oppdaga at dei har vidarekopla seg opp mot telefonsvararen min, seier Tangedal.

Han kjem difor med klar oppfordring til andre som opplever tilsvarande.

– Det er sjølvsagt kjipt å måtte betale 12 000 kroner for noko eg ikkje har hatt glede av. Men samstundes er det flott at Telenor viser såpass forståing at dei tek 90 prosent av utgiftene mine. Men lærepengen er klar; viss mobilen forsvinn, så handlar det om å vere rask med å få stengt SIM-kortet. Då kunne slikt som dette ha vore unngått, seier Kim Tangedal.

Fleire saker i firda.no

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

Våre bloggere