*Nettavisen* Nyheter.

Vegvesenet: - Vi beklagar dette

Busskuret er gjerdet inne, og er lite tilgjengelig for de reisende.

Busskuret er gjerdet inne, og er lite tilgjengelig for de reisende. Foto: Firda

Statens Vegvesen legg seg langflate etter at dei gjerda inne eit busskur.

Statens Vegvesen legg seg langflate etter at dei gjerda inne eit busskur med autovern ved Øveråsbygda på fv 57 i Hyllestad.

– Dette er som følgje av ein rekkefølgjefeil av oss, seier avdelingsingeniør i plan og forvaltning ved Statens Vegvesen i Førde, Esben Hansen, til Firda, når vi etter mange telefonar får tak i den i vegvesenet som kan svare på kvifor busskuret hamn på feil side av autovernet.

Betra tryggleiken

Grunnen til at det har blitt gjort endringar på staden av vegvesenet, er at vegvesnet har gjort ein jobb for å utbetre tryggleiken på området.

– Det er eit ulykkespunkt. Seinast for eit år sidan var her ei motorsykkelulykke der ein person vart hardt skadd, seier Hansen.

Dermed har det blitt gjort fleire grep for å heve tryggleiken.

– Vi har sett opp fareskilt framfor ein sving. Busshaldeplassen som var der skuret står, er flytta lenger nord, slik at det skal gi betre sikt, seier Hansen.

Har teke ned skiltet

Måten arbeidet på staden vart gjort, fekk bussjåførane til å reagere.

– Vi beklagar at det vart gjort slik. No har vi vore ut der i dag og teke ned skiltet opp på busskuret. Slik at ein skal kunne sjå at det er ute av drift, seier Hansen.

Han fortel at det truleg ikkje vil ta lang tid før skuret er flytta.

– Det kjem an på kor fort vi får til ein avtale på det nye området. Vi håpar papira vert signert snart, då tek det ikkje så lang tid før skuret er flytta, seier ingeniøren.

Les flere saker hos Firda.no

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.