(Firda): Fredag offentleggjorde Sindre Finnes ei oversikt over 3640 aksjehandlar han gjorde i dei åtte åra kona Erna Solberg var statsminister. I alt hadde han kjøpt og selt aksjar i 79 selskap.

Mellom anna kjøpte han 70.000 aksjar i Nordic Mining, attende i 2013. Like etter at Solberg var blitt statsminister.

Les også: Ekspert om Finnes' aksjehandel: – Krever at du følger utrolig nøye med

Kjøpte 70.000 aksjar

Første gong han kjøpte aksjar i Nordic Mining var ifølge oversikta 19. september, ti dagar etter stortingsvalet 2013 som sikra Solberg statsministerjobben dei neste fire åra. Då kjøpte han 33.000 aksjar.

Les også: Sindre Finnes hyperaktive handler ligner mer på spillegalskap enn på innsidehandel

Det var også dagen etter at nyheita om at Nordic Mining fekk 2,3 millionar kroner i støtte til undersøkingsprogrammet i Førdefjorden. 1,1 millionar av dette kom frå Innovasjon Norge.

3. oktober, berre fire dagar før regjeringa la fram regjeringsplattforma på Sundvolden, kjøpte Finnes ytterlegare 37.000 nye aksjar i gruveselskapet.

Opna for sjødeponi

På side 26 i regjeringsplattforma står det at regjeringa vil opne for at mineralnæringa kan nytte sjødeponi, men at dei samstundes vil stille strenge krav og sikre miljøovervaking. Det er viktig å presisere at Klima- og miljødepartementet først gav løyve til sjødeponiet to år seinare, i 2015.

Det har ikkje lykkast Firda å finne den nøyaktige aksjekursen for Nordic Mining-aksjen 19. september eller 7. oktober, men ifølge Nordnet kosta ein Nordic Mining-aksje 1,882 kroner 1. oktober 2013.

Legg ein denne kursen til grunn, betalte Finnes 131.000 kroner for desse 70.000 aksjane.

Men etter at regjeringsplattforma vart lagt fram, steig aksjen til 3,672 kroner på ein månad.