RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Klag på vinen!

Foto: TV 2 hjelper deg (TV 2 hjelper deg)
Sist oppdatert:
Heile 5 prosent av all vin som blir seld på Vinmonopolet, er dårleg. Sjå vår test av 30 ulike vinar.

Dei aller færraste av oss klagar på vinen. Enten du er ute på restaurant eller nyter vinen heime, drikker dei fleste det dei får servert, men synest kanskje at vinen ikkje smakte så bra som sist gang?

Du burde kanskje ta deg bryet med å klage, for så mykje som 5 prosent av all vin som blir seld på Vinmonopolet, er dårleg eller øydelagt på eit eller anna vis. Likevel er det eit fåtall som kjem tilbake til butikken for å klage, opplyser Vinmonopolet.

- Den vanligste feilen er korket vin. Det seier vinkelnar Robert Lie. Han er norsk, nordisk og europamester for vinkelnarar og har ansvaret for vinkjellaren på topprestuaranten Bagatelle.

Lie forteller at du kan kjenne igjen korka vin ved at får karakter av mugg, kjellar og våt papp og at vinen manglar det friske elementet i smaken. Kork skuldast at korken er bakterieinfisert. Det er altså ingenting du kan gjere for å unngå at dette skjer.

Ein annan vanleg feil er oksydasjon. Dette oppstår fordi vinen er overmoden eller at det oppstår uønska luftkontakt. Robert Lie seier at det er viktig at vinen blir oppbevart liggande, mørkt og ved stabil, låg temperatur. Derfor skal vinen ikkje oppbevarast ståande på ei hylle på kjøkkenet, advarar han.

Art of Taste har plukka ut vinar i tre prisklassar som kan passe til haustens vilt og lam. Robert Lie har stått i spissen for testpanelet som har blindsmakt dei 30 ulike vinane.

Her er testpanelets tre favorittar. Meir om dei ulike vinaneog resten av testen finn du her.

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

Våre bloggere