RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Klagar på stanken frå rotnande fisk

STANK: Daud oppdrettstorsk på landanlegget til Seamatech AS i Vadheim.
STANK: Daud oppdrettstorsk på landanlegget til Seamatech AS i Vadheim. Foto: Privat (Firda)
Sist oppdatert:
– Har aldri vore borti liknande, seier Fylkesmannen.

Langt over 100 tonn oppdrettstorsk har i løpet av eit halvt år døydd av sjukdom ved anlegget til torskeoppdrettaren Seamatech AS i Vadheimsfjorden i Høyanger.

Les saken i Firda.no her

Grunna klager frå naboar til Seamatechs landbase i Kråkevikja i Vadheim, var ureiningstilsynet hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på tilsyn hjå verksemda i Vadheim 29. januar. Førre kontroll var i september 2013.

Det verste ho har sett

– Eg har aldri vore borti liknande saker som dette, seier overingeniør Gunn Helen Henne hjå Fylkesmannen til Firda.

– Det er uakseptabelt at Seamatech AS på ny har påført naboar og andre omgjevnader plager, og det er òg kritikkverdig at Seamatech ikkje melder slike avvik til Fylkesmannen, og at verksemda ikkje på eige initiativ tek tak i problema tidlegare, seier Henne.

Uuthaldeleg stank

Firda har snakka med fleire av naboane til Seamatecs landanlegg i Vadheim, og dei seier at på det verste har stanken av rotnande fisk vore uuthaldeleg.

Kontrollen i slutten av januar handla i stor grad om Seamatechs handtering av daudfisk, og Fylkesmannen avdekka at den ikkje er i samsvar med utsleppsløyvet.

Sidan august/september i 2013 har det – i hovudsak grunna fiskesjukdomen Francisella – dauda langt over 100 tonn oppdrettstorsk i anlegget.

I utsleppsløyvet er det mellom anna sett krav om at daud fisk skal konserverast omgåande ved til dømes kverning og ensilering, og deretter førast til eige lager.

Den ensilerte fisken vert så brukt til fôr.

Anlegget til Seamatech AS i Vadheimsfjorden for oppdrett av torsk.


Provisoriske løysingar

Sjølv om Seamatech har forbetra rutinar og utstyr sidan kontrollen i september 2013, meiner Henne at daudfiskhandteringa framleis ber preg av provisoriske løysingar.

Under kontrollen i januar 2014 fekk Fylkesmannen vite at det ikkje hadde vore kverna fisk tilfredsstillande på om lag 3 veker, noko som gjorde at det stod seks kar med daud fisk – kvart kar med kapasitet på drygt eit tonn – ved kvernene.

Kara var ikkje skikkeleg dekka til, slik at store mengder måsar samla seg for å ete av den fisken.

Etter kontakten med Fylkesmannen fekk Seamatech flytta kara ut på ein flåte. Denne fisken skal no vere kverna og ensilert.

Gunn Helen Henne hjå Fylkesmannen fortel at på kontrolldagen 29. januar stod loket på den største ensileringstanken open utan tilsyn, og utgjorde med det ein fare for både folk og dyr.

Varslar tvangsmulkt

– Dersom Seamatech ikkje kan dokumentere at turvande planar og tiltak vert sett i verk, varslar Fylkesmannen tvangsmulkt. Den vil bli gjeve som eit eingongsbeløp, anslagsvis i storleik mellom 10.000 og 50.000 kroner, fortel Henne.

Fylkesmannen varslar òg tvangsmulkt dersom det igjen oppstår same eller liknande avvik knytt til daudfiskhandteringa som Seamatech ikkje melder frå om til Fylkesmannen. Tvangsmulkta vil bli gitt som eingongssum på 5.000 kroner per tilfelle.

Seamatech må òg betale eit gebyr på 4.600 kroner for den gjennomførte kontrollen.

Har teke tak i problemet

– Seamatech driv ein kontinuerleg forbetringsprosess, og har gjort vesentlege forbetringar i det siste, seier dagleg leiar Ole Bakke til Firda.

Bakke seier at han og Seamatech har ein grei dialog med tilsynsstyresmaktene, og at dei etter beste evne freistar å drive i samsvar som er sett i løyva.

– I fjor vart sjukdomen Francisella oppdaga i anlegget, og hittil har det dauda langt over 100 tonn torsk. Heldigvis er resten av fisken av prima kvalitet, og prisane er gode. Men med så mykje daud fisk, skal det noko til å halde unna med kverninga og ensileringa, seier Bakke som meiner at tilhøva Fylkesmannen kritiserer er detaljar.

Tømmer anlegget

– Kanskje naboane ikkje ser på dette som bagatellar?

– Eg beklagar at naboane har blitt plaga grunna måten vi har handtert de daude fiskane på. Vi prøver å unngå at liknande skal skje i framtida.

– Korleis skal de unngå det?

– Vi skjerpar rutinane våre, og driv no med nedslakting av fiskane som er i anlegget. Etter planen har vi tømt anlegget i juni, og etter den tid vert det sannsynlegvis slutt på kverning på land, avsluttar Bakke.

Les fleire saker i firda.no

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere