*Nettavisen* Nyheter.

Friske meninger

Landet blir bygd nedanfrå!

Gjesteredaktør Alfred Bjørlo:

GJESTEREDAKTØR: Alfred Bjørlo, ordførar i Eid.

GJESTEREDAKTØR: Alfred Bjørlo, ordførar i Eid. Foto: Privat

Det er ikkje rikspolitikarane du ser på TV som bygger landet. Noreg blir bygd nedanfrå, av folk flest i små og store lokalsamfunn over heile landet.

Av Alfred Bjørlo, ordførar i Eid (V), er gjesteredaktør i Nettavisen i dag.

Difor er eg lokalpolitikar - og Venstre-mann. Eg trur på å gi folk og lokalsamfunn meir makt i eigen kvardag. Ikkje på at ein rikspolitikar eller statleg byråkrat trekk opp av hatten ei eller anna genial løysing som skal vere lik for alle.

Som Venstre-mann heiar eg på lærarane, og vil at dei skal få fridom til å undervise og drive skule, ikkje skrive endelause rapportar eller tredd nedover seg nasjonal detaljstyring. Eg heiar på kulturlivet og idretten, der folk over heile landet legg ned tallause dugnadstimar - og fortener å bli verdsette og få rom til å utfolde seg.

Og ikkje minst heiar eg som Venstre-mann på alle dei som tør å satse på å skape arbeidsplassar for seg sjølv og andre.

Eg forstår meg rett og slett ikkje på politikarar som brukar tid og energi på å kalle dei som tar risikoen med å lage eiga bedrift for «profitørar», og mistenkeleggjer dei for å vere pengegriske luringar.

For slik er det ikkje! Eg ser desse folka rundt meg kvar dag: Gründarane, butikk-drivarane, handverkarane, småbedriftene i alle bransjar som er stolte av det dei driv med, som skaper arbeidsplassar og verdiar - og ofte tar høg risiko og jobbar lange arbeidsdagar for å få ting til å gå rundt.

Når vi no skal løyse klimakrisa, er det også her næringslivet og gründerane som sit med nøkkelen: Det er med ny teknologi og nye løysingar vi kan kutte klimautsleppa - og samtidig få eit betre samfunn å leve livet i.

Min jobb som politikar er ikkje å sitje på alle dei geniale svara sjølv - men å løfte fram folk si skaparkraft, handlekraft og vilje til å gjere samfunnet betre for seg sjølv og andre.

For meg og alle andre Venstre-kandidatar i små og store kommuner rundt i landet er det kjernen i kva vi driv med.

Eg har dei siste åtte åra vore ordførar for Venstre i ein kommune på Vestlandet med drøyt 6.000 innbyggjarar, Eid i Sogn og Fjordane.

Eg ser for ei kolossal skaparkraft som bur berre på vår vesle stad. Vi har klart å reise ein opera og få han til å gå rundt. Vi klarer å arrangere ein av landets største rocke-festivalar (Malakoff) med ein enorm dugnadsinnsats. Flinke folk har stein for stein bygd opp eit næringsliv som no blømer som aldri før. Vi held på å få på plass høgskuleutdanning for fyrste gong på 20 år, og skal snart inn i ein ny og større kommune for å få endå meir utviklingskraft. Eg ser at stadig fleire folk vil bu her, besøke oss og drive næring her.

I ei moderne, høgteknologisk verd er ikkje ein liten stad på Vestlandet lenger ein utkant. Vi er midt i verda - dersom vi torer å satse og slepp folk si skaparkraft til. Og eg er som Venstre-ordførar klar til å ta kampen når det skulle vere mot den trauste, sentralstyrte staten og rikspolitikarar som vil øydelegge for oss eller detaljstyre oss.

Mi oppmoding til deg som les dette er enkel: Gi katten i kva rikspolitikarane held på med dei to neste vekene. No er det lokalpolitikken - din kommune og ditt lokalsamfunn - det gjeld.

Eg og over fire tusen andre Venstre-kandidatar er klare for å gi deg tillit dei neste fire åra - fordi vi veit at landet blir bygd nedanfrå.

Godt lokalt val - røyst Venstre!

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.