*Nettavisen* Nyheter.

Erik Stephansen

Overraskende 17. mai-vri: Ditte her det e eit bra land!

Ein video som blir lansert i dag 17. mai kan gjere det tårevått i augekroken på nasjonalromantiske nordmenn landet rundt.

- Frampå vintere' så fekk han kalde føte, forsto'kje ka han gjorde i ditte iskalde isøde!

Slik kan det høyrast ut når det blir laga ræpp av Mellom bakkar og berg, eller Nordmannen - som Ivar Aasen-diktet eigentleg heiter.

Bakgrunnen for vrien på den nynorske «nasjonalsangen» er at korona-viruset kravde uvanlege tiltak for å gjere stas på ein uvanleg 17. mai.

Du kan sjå heile videoen ved å trykke på lenka her.

Ikkje uventa er det ræppe-gruppa Side Brok (dialekt for sæggebukse) og Runar Gudnason som har fått med seg ein haug med ungar frå Ørsta/Volda-området for å lage ei nyinnspeling av det snart 160 år gamle diktet.

LES OGSÅ: Vi kårer Norges vakreste bunad

Resultatet blir lansert i dag på 17. mai, og er såpass vellukka at det nok kan bli vått i augekroken på fleire enn berre vestlendingar i løpet av dagen.

Klikk på bildet for å forstørre. Ræpparar i nynorskland.

Ræpparar i nynorskland. Frå Mellom bakkar og berg.

Videoen gjorde til dømes at denne meldaren straks sprang ut i nynorsk språkdrakt i sitt forsøk på tekstanalyse, sjølv om innhaldet jo er kjend frå før:

Som dei fleste veit, kan det gå trått i motbakkane for nordmannen når hausten og vinteren kjem. Då kan Norge rett og slett vere eit land for spesielt interesserte.

- Alltid snørrete og forkjøla og sløve,
og leide av å vasse rundt i stivfrosne brøke
Han tok solarium og gumla vitaminpilla,
var heime kvar kveld, såg på Netflix og chilla

LES OGSÅ: Vinni overrasket over inntrykket folk har

Her må vi kanskje forklare at brøke er fleirtal av brok, som altså er bukse. Resten skulle vere lett å forstå, også for meir blaserte austlendingar. For også i Oslobygda blir alt lysare når våren kjem:

Men når vårsola blenkte i bakkane,
symra kom, og det vart opplett i tankane
Då fekk han hug til si heimlege strand
og måtte sei te seg sjøl at ditte her det e eit bra land!

Klikk på bildet for å forstørre. Gitarist med fin genser i bra land

Gitarist med fin genser i bra land. Frå Mellom bakkar og berg.

Eg er sjølvsagt skrikande ugild, sunnmøring som eg er. Eller inhabil, for dei som ikkje les nynorsk kvar dag.

Kanskje må eg også åtvare ihuga bokmåls- eller riksmålstilhengarar mot den vesle språkpolitiske bomba som Side Brok-diktar Gudnason har lagt inn i den gamle teksten frå nynorsk-kongen:

- Her vil eg bu og få ein heile haug med unga,
og lære dei å synge Ivar Aasen sine songa!

Men norsk er slett ikkje berre nynorsk. Og når eg først er i det nasjonalromantiske hjørnet, vil eg også peike på ein annan video som gjer stor lukke no rundt 17. mai.

Les flere kommentarer av Erik Stephansen

Det dreier seg om videoen Norway by dance av Daniel Grindeland, som ikledd Hardanger-bunad tar oss med på ein ellevill ferd frå Lindesnes til Nordkapp i sin hyllest til fedrelandet.

Også her er det fjordar og fjell og heilnorsk natur som står i sentrum, ved siden av imponerande stunt på kanten av dei brattaste stup og djupaste avgrunnar:

Du kan sjå heile videoen ved å trykke på lenka her:

Så om du ikkje får gå i tog i dag, kan du altså sjå video. Og huske på at vi no, trass korona og iskalde snøbyger enkelte stader i kongeriket, går mot lysare tider.

Du må også huske på at på nasjonaldagen kan vi alle - uansett kva vi kranglar om elles i året - gjere Ivar Aasen sine ord til våre, både med og utan flagg og pins:

Og når liene grønkar som hagar,
når det lavar av blomar på strå
Og når netter er ljose som dagar
kan han ingen stad venare sjå

Ha ein fin 17. mai!

Klikk på bildet for å forstørre. 17. mai-tauser i sunnmørsbunad.

17. mai-tauser i sunnmørsbunad. Frå Mellom bakkar og berg.

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.

Annonsebilag