
Pasientreiser nekter å godta reiseregningen

Marie Havnen/Firda
(FIRDA.NO): Ein gong i månaden er Arne Peder Hansen ledsager for kona som må reise frå heimen på Ivahavet i Vågsøy til Førde for å få behandling på sjukehuset. Då Skatestraumtunnelen stengde etter brannen 15. juli, måtte Hansen og kona finne ei anna rute for å komme seg til Førde, skriv Firda.
17. juli køyrde Hansen til Førde via Anda - Lote og heim via Stårheim - Isane på grunn av den stengde tunnelen og fordi E39 var stengd ved Egge i Gloppen etter ei bussulykke. Etterpå sende han inn reiserekninga med forklaring på omkøyringa. Det godtok ikkje Pasientreiser.
– Svært uforskamma
Medan Hansen søkte om refusjon for 157 km kvar veg, meinte pasientreiser i Helse Førde at han burde ha køyrt den stengde vegen via Oldeide, som er 126 km.
– Då eg ringte og gjorde dei merksame på feilen møtte eg ein saksbehandlar som oppførte seg som om det var eg som hadde gjort noko feil og var syndebukken. Saksbehandlaren var svært uforskamma, seier Hansen.
– Dei burda ha beklaga munnleg med ein gong eg gjorde dei merksame på saka og retta det opp.
I ettertid har Hansen klaga på vedtaket. Pasientreiser tok då kontakt og peika på at Hansen hadde fått utbetalt 518 kroner for mykje. Det vil dei ha tilbake.
– Eg vil sjølvsagt gjere opp for meg om eg har fått utbetalt for mykje, men først vil eg ha ein spesifikasjon på korleis dei reknar ut refusjonen for den reisa eg faktisk hadde. Det var visst vanskeleg å få til ifølge saksbehandlaren, seier Hansen.
Over to veker etter samtalen der han bad om ein spesifikasjon, har han ikkje høyrt meir frå pasientreiser.
– Eg kjenner meg dårleg behandla, seier Hansen.
Legg seg flate
Når Firda kontaktar Vidar Øvrebø, avdelingssjef for pasientreiser i Helse Førde, vedgår han at dei har gjort feil.
– Eg ser at vi har gjort ein feil i første runde. Det beklagar vi på det sterkaste. No har vi retta opp så godt vi kan, seier Øvrebø.
Ifølge han sende pasientreiser ut eit nytt skriv til Hansen datert 24. august, altså måndag denne veka.
– Der skal både den første og den nye utrekninga vere med. Fagansvarleg har gått gjennom vedtaket og alt skal vere greitt no.
– Men burde ikkje feilen vorte retta opp så snart Hansen ringde og gjorde dykk merksame på det?
– Sjølvsagt burde den det. Vi utbetalar 300 000 pasientreiser kvart år, så det kan gleppe av og til. Det er menneske som saksbehandlar, så det kan gleppe, seier Øvrebø.
Når det gjeld telefonsamtalen med saksbehandlaren vil ikkje Øvrebø uttale seg.
– Vi har veldig fokus på korleis vi handterer pasientar, så det har eg vanskeleg for å tru. Men eg høyrte ikkje telefonsamtalen, så det kan eg ikkje uttale meg om.
Ifølge avdelingssjefen fekk fylkesmannen 57 klager på pasientreiser i 2014.
– Vi fekk medhald i alle, så kvaliteten på det vi gjer kan ikkje vere så ille.
Aldri høyrt om liknande
– Ei slik sak har eg aldri vore borti. Det er jo ein openberr feil, seier pasient- og brukarombod Lisa Førde Refsnes.
Talet på klager på Pasientreiser har minka med åra, ifølge Refsnes.
– Då ordninga var ny fekk vi ganske mange saker, men det har minka. Det tilseier at ordninga har begynt å feste seg, seier ho.
Klagene dei får på pasientreiser går hovudsakleg på at tilbodet blir opplevd som belastande.
– Det som går igjen er klager på drosjer som blir fylt opp på sjukehuset og som køyrer mjølkeruter, der pasientane sit ubehageleg i timesvis eller ventar i lenge. Det blir opplevd som ei belastning.
Les flere saker fra Firda her.
Mest sett siste uken
Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!