RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Satt ei heil natt på fjellhylle

FAST: Store Skagastølstind ligg i Hurrungane sørvest i Jotunheimen og er Norges tredje høgste fjell med sine 2405 meter over havet.
FAST: Store Skagastølstind ligg i Hurrungane sørvest i Jotunheimen og er Norges tredje høgste fjell med sine 2405 meter over havet. Foto: Cornelius Poppe (NTB scanpix)
Sist oppdatert:
Blei overraska av dårleg vêr.

(FIRDA.NO): Klokka 06.50 fekk politiet melding om at tre personar sit fast på ei hylle på Store Skagastølstind.

Dei hadde blitt overraska av dårleg vêr etter at dei starta på tinden i går kveld, og starta då å rappellere nedover. Dei har overnatta på fjellhylla, men tauet har kilt seg eller frose fast. Dei treng hjelp for å komme seg ned.

Telefonforbindelse med dei blei broten, melder politiet.

Hovudredningssentralen, lokalt politi og Bregruppa er varsla. Seaking-helikopter er tilkalla.

Redningsgruppe på veg i helikopter

Operasjonsleiar Per Rimmen opplyser like før klokka 09 at den alpine redningsgruppa frå Hafslo er mobilisert. Dei ventar no på transport med Seaking som er venta å lande i Jostedalen klokka 09.20.

Politiet har oppretta kommandokontrollpunkt ved Turtagrø. Der er det 14 grader og skydekket er i ferd med å lette.

Rimmen opplyser at meldar var ein mann, kjønnet til resten av turfølget er ukjent.

– Då dei melde seg var dei i forholdsvis bra form, seier Rimmen.

Over 2000 meter

Store Skagastølstind ligg i Hurrungane sørvest i Jotunheimen og er Norges tredje høgste fjell med sine 2405 meter over havet. Kommunegrensa mellom Årdal og Luster går på toppen. Store Skagastølstind, også kjent som Storen, er det einaste av landets tre høgste fjell som krev klatring for å nå toppen den enklaste vegen.

– Vi har ein veldig omtrentleg posisjon på dei. Dei skal vere i skråninga på vestsida av Storen over 2000 m.o.h, seier vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen Nils Ole Sunde.

Når den alpine redningsgruppa kjem til området med helikopter vil dei vurderinge korleis dei vil hente ut personane.

– Då bestemmer dei seg for om dei skal heisast ut eller reddast ned med klatrarar, seier Sunde.

Klatrarar må gå opp til fjellhylla

Seaking-helikopteret og den alpine redningsgruppa jobbar no i området der personane sit. Det opplyser Hovudredningssentralen like etter klokka 11.30. På grunn av lågt skydekke kan ikkje personane heisast ned.

– Planen er at helikopteret løftar klatrarane så høgt dei kan. Det vil vere på rundt 1600 høgdemeter, seier vakthavande redningsleiar Sunde.

Deretter må klatrarane gå opp til der personane sit. Sunde opplyser at dei kanskje må gå opp til 700 høgdemeter.

– Så lenge det ikkje er flyvêr blir det meir krevjande og det tar meir tid. Klatrarane må gå ganske langt og det er krevjande, men det er erfarne folk.

Det har ikkje vore kontakt med personane sidan dei melde frå før klokka 07. Hovudredningssentralen reknar med at dei er tomme for batteri.

Sunde seier at det er vanskeleg å anslå kor lang tid redningsaksjonen vil ta sidan klatrarane må gå langt.

– Det vil nok gå timar, seier Sunde.

Funne ovanfor Skagadalsbu

Klokka 12.30 melder politiet i Sogn og Fjordane at dei tre er funne ovanfor Skagadalsbu av den alpine redningsgruppa.

– Dei er på veg ned no. Det er ikkje rapportert om skade på personane, melder politiet.

Les flere saker i Firda her.

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere