*Nettavisen* Nyheter.

Skjøt ulv i Naustdal

Denne ulven vart skoten i Naustdal tysdag ettermiddag. Foto: Helge Johsen (Firda)

En ulv ble skutt i Sogn og Fjordane tirsdag ettermiddag.

(Firda) NAUSTDAL: Ulven som har herja fylket den siste tida, er blitt skoten. Det bekreftar Finn Olav Myhren i Statens naturoppsyn til Firda.

Ulven blei felt omlag 15.00 tysdag ettermiddag på Espeland i Naustdal.

- Vi er på veg opp til staden no og skal ta rutinemessige prøver av dyret, seier Myhren.

Det er eit jaktlag oppretta på tvers av kommunar i Sunnfjord som har stått for jakta og fellinga av ulven.

- At vi klarte å felle ulven i dag er eit resultat av systematisk planlegging og at vi har skaffa oss oversikt over rørslene til dyret ved å plotte observasjonar og spor inn på kartet, seier Stein Mortensbakke, som er jaktleiar for jaktlaget som felte ulven.

Han var ikkje med sjølv då ulven vart skoten tysdag ettermiddag.

- Vi hadde venta lenge på snøen som kom no for å få den sporsnøen vi trengde. Den jakta som resulterte i fellinga tysdag starta på søndag, seier Mortensbakke til Firda.

Den førre ulven som blei skoten i fylket, blei felt 10.november 1950. Også den blei skoten i Naustdal.

Les flere saker hos Firda.

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.