RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Slik fikk han has på vepsen

Anders Vilmund Bergset har ved hjelp av sjølvlaga feller med heimelaga saft berga plommene sine frå grådige kvepsa.
Anders Vilmund Bergset har ved hjelp av sjølvlaga feller med heimelaga saft berga plommene sine frå grådige kvepsa. Foto: Bent Are Iversen (Firda)
Det enkle er ofte det beste. Også med veps.

FØRDE (Firda): – Desse har teke livet av nærare 500 kveps, seier Anders Vilmund Bergset om kvepsefellene han har laga.

Då store mengder kveps truga med å øydelegge plommene i hagen til Anders Vilmund Bergset og kona Svanhild Bergset i Grovene i Førde, tok Anders affære.

– Det var enormt mykje kveps, og eg lurte på korleis skulle eg klare å berge plommene frå kvepsen, seier Bergset til Firda.

Sjølvgjort er velgjort

Sidan Bergset er pensjonert teknisk sjef ved sjukehuset i Førde, tydde han til internett då den innkjøpte kvepsefella ikkje fungerte.

– Eg kappa av ei brusflaske, og har sett toppen med tuten nedi flaska, limt fast med teip og laga eit oppheng, forklarer Bergset.

I flaska har han helt oppi eit åte som kvepsen ikkje greier å motstå.

–Saft av rips og villbringebær, og så har eg hatt oppi litt ekstra sukker, røper Bergset.

Han ser kombinasjonen av den klissete væska som festar seg til kvepsevengjene og den smale tuten som årsak til at fellene fungerer så bra.

–Desse fellene har eg tømt mange gonger. Eg trur eg har tatt nærare 500 kveps, seier Bergset som totalt har fem kvepsefeller hengande i plommetreet sitt.

Tilrår

Bergset er ein vanleg hageeigar, og driv såleis ikkje med plommer i så stor skala som fruktbonden Mathias Hestenes som stod fram i gårsdagens Firda med kvepsetrugselen som summar over fruktbøndene.

Bergsets seier at han kan tilrå kvepsefella til andre hageeigarar som er plaga med kveps.

– Dette verkar! Det er ein enkel og billeg måte å gjere det på. Viss eg ikkje hadde brukt desse fellene, så trur eg ikkje at eg vile ha fått særleg med plommer. For dei har nok teke ein del av dei, men eg trur at ved å gjere det på denne måten så har greidd å redusere tapet ganske monaleg, seier Bergset til Firda.

Desse fellene har Bergset laga sjølv, og er både billege og effektive. Kor kjem all kvepsen frå? Det blir aldri slutt på dei, dei kjem til heile tida, seier Bergset om kvepsen som går i fellene.

Han trur det mest effektive er å ha fleire feller hengande i trea, fordi dei fort vert fylt opp av kveps.

Kokande vatn

Sidan det er mykje kveps som har gått i fellene, har Bergset måtte tømme dei mange gonger:

– Det var fleire centimeter med kvepsar nedi flaskene, seier Bergset som har utvikla sin eigen avlivingsprosess på kvepsane.:

– Eg tømmer fellene i toalettet, og fyller på med kokande vatn. Då døyr dei med ein gong.

Les flere saker hos Firda!

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere