RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Sprek 90-åring: - Hagen held gikta i sjakk

SAFT I KLYPENE: Liv Sygna (90) svingar hekksaksa så fingertjukke greiner sprett veggimellom.
SAFT I KLYPENE: Liv Sygna (90) svingar hekksaksa så fingertjukke greiner sprett veggimellom. Foto: Ole Johannes Øvretveit (Firda)
Liv Sygna jobbar fire-fem timar dagleg i hagen, så sant vêret tillet det.

- Då vi flytta inn her i 1947, var det berre elvastein, heile tomta her, fortel Liv Sygna til Firda.

Midt på Sygna, mellom Sande og Bygstad, ligg eit koseleg, lite hus med ein nydeleg stelt hage. Så sant det ikkje høljeregner, er sjansen stor for å sjå ei kvithåra, eldre kvinne tusle rundt der, med ein hagereiskap i vante arbeidsnevar.

Hundre meter hekk

Over hundre meter bed og hekkar held Liv sirleg nyluka og velfrisert. Her ville ikkje ein hoffgartnar funne noko å setje fingeren på.

- Eg står opp klokka halv sju, og så held eg på i hagen frå rundt ni til bortimot klokka tolv. Og så blir det gjerne nokre timar utpå kvelden att, fortel Liv.

I huset på Sygna har ho budd i snart 70 år. Saman med mannen Karl Sygna fostra ho opp fire born her. Karl døydde for 21 år sidan.

Held kåken i orden

- Han sa alltid det, at «Eg og Liv, vi diskuterer mangt og mykje, og vi er alltid einige, men når det kjem til hage og landbruk, då held eg stilt!», ha ha!

- Nei, det er framleis trasig om kveldane her, utan han, sukkar Liv. Det gamle andletet legg seg i tusen furer. Det ligg ei heil livshistorie i det andletet.

SPREK: - Til hausten skal eg måle veggene. Det greier eg fint sjølv, meiner Liv Sygna.


Men Liv legg seg ikkje ned og sturer:

- Nei, eg må jo halde kåken i orden! Og hadde eg ikkje hatt hagen, så trøyste meg, då hadde eg sete i ein stol og ikkje rikka meg. Nei, hagen held gikta i sjakk og kroppen i form, ler ho.

Dyrkar avleggjarar

Rundt nesten heile tomta går ein hekk med sirleg luka blomebed. Liv er ikkje så oppteken av kva plantane heiter:

- Den der trur eg heiter prestekrage, jau det er eg heilt sikker på. Dei andre? Eg får mest avleggjarar av folk, sjå her borte har eg eit bed der avleggjarane får stå og røte seg, og til hausten skal eg plantre dei om, så dei blir fine til våren, fortel Liv.

Tvers gjennom tunet går det ei brei veite, frå porten og bort til ei stikkrenne i andre enden av hagen.

Grøftar om natta

- Når det regnar kjem vatnet i vegen, like frå Årøyane og ned her, og inn i tunet mitt. Og så går stikkrenna tett, og så står det i eit hav, heile tunet her. Det hender ofte at eg må opp midt på natta, og ut å stikke opp renna, og grøfte veita her, fortel Liv.

- Men når eg får tid skal eg kjøpe noko sand og sement, og så skal eg støype kantane langs her, då greier ikkje elva å ta det, meiner ho.

Det gamle huset skin av raud og kvit måling.

- Son min måla taket no i sommar, men veggene tenkte eg skulle greie sjølv. Det skal eg ta seinare i haust.

- Men er det naudsynt? Det ser no heilt nymåla ut?

- Å, du, nehei, det er fort det forfell.

Eigne poteter

Hundre kvadratmeter med poteter held Liv sjølvforsynt med poteter til langt utpå våren:

- Er no dette noko å bale med, spør dei meg, når du får kjøpt poteter i butikken? Men nei, eg skal ha poteter rett frå åkeren, om eg så skal ned på kne og plukke dei. Det blir nok det og, til slutt, det er den vegen det går med ein gammal kropp.

NYDELEG HAGE: Liv Sygna held sirleg orden rundt huset sitt.


Liv verkar no nett ikkje så gammal, der ho går laus på hekken med liv og lyst. På ein formiddag har ho klipt ein heil dunge med greiner.

- No i august er det å klippe ned hekken, så ikkje han frys til vinteren. I fjor var eg litt seint ute, og det var det mykje som fraus her. Ho knip til med den tunge hagesaksa, så fingertjukke greiner sprett veggimellom. Det er saft nok i dei klypene til å gje eit handtrykk så du kjenner det etterpå.

Har ingen plan

Det einaste ho får hjelp til i hagen, er å slå plenen.

- Til det leiger eg son min, fortel ho, litt skjemd:

- Eg har ikkje armar til å svinge stuttorven lenger.

- Kva planar har du for hagen neste år, då?

- Planar? Eg har ikkje nokon plan. Du kan ikkje ha nokon plan for neste år når du er så gammal som meg. Ein får halde på, dag for dag.

Les flere saker i Firda

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere