*Nettavisen* Nyheter.

Test av førstehjelpsputer

Kjem du først til ulykkesstaden, er det greit å vite kva du bør gjere, og at du har utstyr til å hjelpe deg med. Vi har testa førstehjelpsputer.

10.04.08 20:55

Kvart år blir om lag 11 000 nordmenn skadde i trafikken.

Kva bør ei førstehjelpspute innehalde? Og korleis bør kvaliteteten på utstyret vere?

Denne testen viser at det er ein klar samanheng mellom pris og kvalitet.

Slik blei testen utført
Vi plukka ut 7 ulike førstehjelpsputer som er å få kjøpt på apotek, på nettet, hos organisasjonar og i butikk.

TV 2 hjelper deg sette sammen eit testpanel med fagfolk frå Ullevål Sykehus: anestesilege Kjetil Sunde, akuttsjukepleiar Irlin Troye og ambulansesjåfør Trond Boye Hansen.

Testpanelet hadde klare krav til førstehjelpsputene:
Ei god førstehjelpspute skal først og fremst vere til hjelp i ein akuttsituasjon. I tillegg bør den kunne brukast når minstemann har skrubba kneet når familien er på tur.

Den bør innehalde utstyr til å stoppe blødningar, ei pustemaske og verneutstyr som hanskar. Kvaliteten på dette utstyret må vere god og samtidig må det vere enkelt å bruke.

Testpanelet vurderte produkta ut frå følgande kriterier:
- Innhald: Er det for lite/for mykje av enkelte ting.
- Kvaliteten på innhaldet: Er saksa god nok, korleis er enkeltmannspakkane, fungerer pustemaska etc.
- Pakning: står nødnummeret på utsida av pakken, er innhaldet oversiktleg og lett å finne fram i. Står elementær førstehjelp enkelt og greitt forklart?

Til slutt har vi også tatt omsyn til pris.

Testpanelet gjekk grundig til verks. Først skaffa dei seg eit førsteinntrykk ved å kikke på alle produkta. Deretter blei alle putene gått grundig igjennom. Alle kompressar, enkeltmannspakkar, plaster blei vurderte. Saksene blei testa både på bilbelte og ei dongeribukse. Alle pustemaskene blei testa på ”Anne-dukke”.

30 + 2
Vær obs på nye retningsliner for hjerte-lungeredning.

Tidlegare var rådet at du skulle utføre 15 hjertekompresjonar og to munn-til-munn-innblåsningar. Frå 2006 er rådet 30 hjertekompresjonar og to innblåsningar.

Les meir om korleis du utfører førstehjelp hos Norsk Luftambulanse.

Resultatene finner du i tabellen under. Klikk på hvert enkelt produkt for en mer spesifikk produktomtale.

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.