Av Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Frankrike-kjenner og professor ved Universitetet i Stavanger. Dette er en kommentar-artikkel, som gir uttrykk for forfatterens mening

Kan vi snakke om kall i undervisningssamanheng, lenger?

Eit gammaldags ord, aktivt bekjempa i mange rundar, læraryrket er eit yrke som andre og godtgjerslene for det skal ikkje basere seg på tanken om at menneske gjev opp sitt privatliv og sin komfort for å oppsede den unge generasjonen.

Men i Frankrike er dette ikkje eit abstrakt spørsmål.

I Frankrike må ein i områda kring Paris, aust for Lille, nord for Strasbourg, i Toulouse og Montpellier, i og omkring Nantes og mange fleire stader, kort sagt i svært mange viktige byområde der det er stor folketettleik og mange skular på alle nivå frå førskule til universitet, der må ein lærar tenkje slik at ho eller han risikerer livet for det vedkomande trur på.

Så viktig er ytringsfridomen

Så viktig er dei republikanske verdiane fridom, likskap og brorskap, så viktig er ytringsfridomen, at kvar dag kjempar titusenvis av lærarar ein jamleg kamp for å støtte og styrke desse ideane – og gjere sitt beste for å motverke dei skilnader og skiljemerke i det franske samfunnet som gjer at symbolske mål for misnøye og vald, vender seg til konkret vald.

Eg kjenner ei kvinne på 60 som har vore lærar sidan ho var 25. Ho har ei av dei høgaste utdanningar ein fransk gymnaslektor kan ha. Ho har arbeidd i sosialt vanskelege strok, var aktiv i filosof-kafé-rørsla og har delteke i mange former for litteraturformidling.

LES OGSÅ: Trussel-kampanje mot læreren

I skulane ho har arbeidd har ho lagt stor vekt på å få til ekskursjonar og særskilt skaffe midlar til at alle, ikkje berre dei med god råd, kan ta del i reisene, og på den måte oppleve kameratskap og bli betre kjende på tvers av sosiale og religiøse skilnader, vekke frå heimane og kontrollerande foreldre (men under klårt oppsyn av lærarar og andre støttepersonar).

Fekk ein syl i låret

I større og større grad har denne kvinna fått merke effekten av det segregerte samfunnet, der kulturkonfliktane aukar.

Sjølv kan ho takast for å vere arabar, men ho er fødd i Vest-India, i eitt av dei franske fylka der, eit retteleg blandingsprodukt av fleire folkegrupper, altså. Det gjer at unge muslimar ofte tek henne for å vere fråfallen frå den rette trua. Ho er pen og elegant og går gjerne i skjørt som viser knea. For 15 år sidan, då ho under ei prøve gjekk forbi ein av dei mannlege elevane sine, fekk ho ein syl køyrt inn i låret, så spissen stod fast i lårbeinet.

Ho svor på at det ikkje skulle hindre henne, og var på plass på skulen to dagar etter den hendinga. Med stokk.

LES OGSÅ: Razziaer mot franske islamister

Slike hendingar er berre blitt så alt for vanlege kringom i landet. Til no har det helst gått ut over kvinnelege lærarar, fleire har fått slengt syre i andletet, men òg elevar, som har blitt utsette for vald, og gruppevaldtekter er ikkje uvanlege. Frå ungdomsskulerektorar til universitetslærarar er det blitt ropt varsku, utan større effekt.

Ei rørande bok av ein rektor som var så inderleg glad i skulen sin – han hadde då også fått fleire utmerkingar for arbeidet og var høgt omtykt av foreldre og born i skulekrinsen – fortel om korleis dei frie, opne diskusjonane har blitt harde, uforsonlege konfrontasjonar mellom ulike grupper. At ein radikal islamisme vann fram, og vert understøtta av koranskulelærarar og andre lokale krefter, gjorde at vedkomande rektor førtidspensjonerte seg – og sette seg til å skrive bok.

Frankrikes tapte territorier

Eit uttrykk som har breidd seg, er «Frankrikes tapte territorier», som ikkje opphavleg sikta mot geografiske område, men som prøvde å seie noko om at skulen og oppsedinga til deltaking i nasjonen er under åtak, og der finst område der skulestyresmaktene har gjeve opp å kjempe for Republikkens mål og ideal. No meiner eg mangt av dette enno er overdrive. Eller var. Sjølv om det er seriøse skuleforskarar som har sagt det, har det muligens vore litt pessimistisk, gitt at ein jo kunne tenkt seg at nasjonale skulestyresmakter sette inn tiltak over ei brei flate.

Les Mina Bai: Det er nødvendig for muslimer å fordømme handlingen

Det har altså ikkje nasjonale skulestyresmakter gjort. Og samstundes har terroraksjonar rulla ut over fransk jord; ikkje berre alle dei fælsleg spektakulære vi alle har høyrt om, Charlie Hebdo, Bataclan og Stade de France, bilåtaket i Nice, halshogginga av presten i den vesle landsbyen, etc. Det er så mange aksjonar mot jødiske personar, institusjonar, eigedommar, gravstader og kva det no måtte vere, at ein mest har slutta å diskutere det.

Det er ikkje utan grunn at titusenvis av jødar har forlate Frankrike sidan 2012, då Mohammed Merah drap jødiske skuleborn – og ein lærar, mellom andre.

Denne aksjonen, som sidan er blitt prova å ha hatt styring frå celler under leiing av IS i Raqqa, er overraskande lite kjend her heime. Endå den verdskjende statsvitaren Gilles Kepel, som den gongen sa frå at dette ikkje kunne vere ein «einsam ulv», fekk utlyst ein fatwa mot seg frå IS for fleire år sidan, som sidan andre held oppe.

Den første lærar-martyr

Eg har vitja Kepel på École Nationale Supérieure i Paris (han har hemmeleg heimeadresse), og det er ei labyrintisk affære å passere gjennom identitetskontrollar, vise fram invitasjon, få stempel i besøkspasset og endeleg kome fram dit Kepel kjem og plukkar deg opp, i eit oversiktleg rom der det står vakter i fire hjørne og studerer deg. Det var ei merkeleg oppleving å vere i dei same lokala der eg var student for 37 år sidan, den tida ein av dei mest opne institusjonar med nokre av dei fremste intellektuelle, og sjå lokala nærast befesta på denne måten, med sluser for inngang og vakter overalt.

Så. Samuel Paty er no den fyrste erkjente lærar-martyr i det franske skulesystemet, frå barnehage til universitet. Der gjerningsmannen nytta seg av lågteknologisk utstyr – ein kniv, noko som er vanskelegare å oppdage enn planlagde bombeåtak eller celleforming i det svarte nettet.

Les flere friske meninger i Nettavisen

Paty var ein ungdomsskulelærar i Collège Bois-d’Aulne i forstaden Conflans-Sainte-Honorine, ca 30 kilometer nordvest for Paris (ved ein skog som er eit populært turmål for dei som likar slikt, eg har sjølv gått lengre turar i området). Mellom emna han underviste i, var det vi no i KL20 (Fagfornyinga) kallar «medborgarskap» her heime.

Altså om samfunnsmessig deltaking, ansvar og mulegheiter. Naturleg nok hadde han då teke for seg ytringsfridomsproblematikken, slik det uttrykkjeleg står i den franske nasjonale læreplanen at ein skal gjere. Undervegs i timen viste han til nokre av sine elevar ei karikaturteikning av Muhammed, frå det satiriske vekebladet Charlie Hebdo.

Sa fra om karikaturane

Så seier enkelte: ja, då måtte han jo rekne med reaksjonar. Men: saka er at Paty i starten av timen svært tydeleg sa frå om at han kom til å syne fram nokre teikningar ikkje alle ville like, og dei som ønskte det, kunne gå frå klassen når han kom til Muhammed-karikaturane. Ein elev har sagt at Paty har synt fram desse same teikningane kvart år, sidan drapa på Charlie Hebdo-redaksjonens folk med fleire, i 2015.

I klassen gjekk dette greitt. Så er då også Paty over alt omtala som ein dialogens mann, ein empatisk lærar som forstod sine elevar og arbeidde saman med dei meir enn at han i klassisk fransk skuletradisjon belærte dei og beordra dei.

Men så kom elevar heim og fortalde foreldra om seansen. Det gav bråk. Alt etter sensibilitetar, sa ulike elevar ulike ting om korleis det som vart synt fram, var provoserande eller ei – litt slik alle lærarar er vane med at elevar oppfattar eitt og det same ulikt, det er jo del av den pedagogiske situasjonen. For enkelte foreldre var det alt i utgangspunktet blasfemisk å syne fram nokosomhelst bilete av Muhammed, om den franske skulen aldri så mykje skal vere religionsnøytral og det ikkje finst nokon blasfemiparagraf i fransk lov. Ein elev påstod at Paty hadde synt fram eit bilete av ein naken Muhammed, noko andre elevar har tilbakevist. Så far til denne guten leverte inn ei klage.

Trekte ein kniv på 30 centimeter

Det er moglegvis interessant at syster til denne faren reiste og verva seg til IS i Syria i 2014. Det oppstod uansett ein aksjon med andre foreldre, som ville få fjerna Samuel Paty frå jobben sin. Ein formell klage vart sendt til Rektoratet (som er den regionale organiseringseininga av alle skular i ein region). Men Paty gjekk saman med sin skules rektor til det relevante kontoret i Rektoratet, og dokumenterte at den eleven som hadde fortalt at han hadde sett Muhammed naken, faktisk ikkje hadde møtt på skulen den dagen denne undervisninga gjekk føre seg.

Ei vekes tid etter, altså fredag den 16. oktober 2020, venta tjsertsenaren Anzorov utanfor portane til skulen der Samuel Paty var tilsett. Han trekte ein kniv på 30 centimeter, stakk honom i hel, skar av honom hovudet og tilførde ei rekkje stikk i hovudet, i torsoen og i lemene seinare, i ei sidegate til skulen.

Hendinga har sjølvsagt med eitt slag dei siste dagane endra heile haldninga til spørsmålet om kva ein kan gjere med religion og ytringsfridom i skulen. Det er knappe to veker sidan president Macron tala om tiltak mot oppsmuldringa av sekulariteten, og nulltoleranse for åtak på ytringsfridomen. Og så dette.

Risikerer dødsdom frå ukjent hald

No ser det ut til at Frankrikes skulekvardag er delt i to: anten må ein godta at dersom ein talar om religion i ei klasse, så risikerer ein dødsdom frå eit ukjent hald. Frykta er sjølvsagt at der er nettverk som overvakar aktiviteten til lærarar.

Det er enno uklårt om drapsmannen Abdoulakh Anzorov var på oppdrag frå nokon, slik Mohammed Merah var i 2012 overfor mellom andre den jødiske læraren og hans elevar. «Dei vanlege» som brukar å hevde at slike som han er ein «einsam ulv», altså enkelte både politikarar og akademikarar som alltid har prøvd å dempe inntrykket at der er ein undergrunn av terroristceller i Frankrike med til dels felles organisering, har vore framme med sine synspunkt på galskap og isolasjonisme.

Men alt tysdag 20.10. er etterforskinga komen så langt, at politiet no avslørde fylgjande: Førebels er 15 menneske arresterte eller i varetekt. Mellom desse er fire elevar på skulen til Paty, dei hadde informert drapsmannen om kvar Paty var og visstnok òg lokka læraren ut. Nokre andre vaksne, mellom desse ein som før har vore i kontakt med terrorceller, har også gjeve opplysningar.

Dessutan enkelte foreldre og folk tilknytta næraste moskeen, såleis imamen sjølv, som både oppmoda til at nokon måtte få Paty til å teie, dessutan synte han fram ein video som ein fornærma elev hadde lagt ut på nettet. Innanriksministeren har alt avgjort at denne moskeen, i Pantin, skal stengjast. Imamen, som ikkje er fransk statsborgar, vert truleg utvist etter at han eventuelt er straffa.

Prentar karikaturane på nytt

Så, det er alt mogleg å førestelle seg at gjerningsmannen Anzorov faktisk tilhøyrde eit nettverk, og at han ikkje berre var ein fanatikar som opererte heilt på eiga hand. Det er også mogleg at han prøvde å etablere seg som ein leiar i ei celle, gjennom å utøve denne gjerninga, eller også, det var ein måte å gjere sjølvmord på; han fall med ni politikuler i kroppen.

Dersom dette ikkje kan diskuterast, må ein halde kjeft om nokre av dei mest sentrale spørsmål i vår tid. Så, dei aller fleste store aviser i Frankrike prentar i dag dei karikaturane som har valda slik irritasjon og er blitt brukt som grunngjeving for så mange aksjonar frå islamistisk hald.

Vi gjer nok alle klokt i å tenkje etter kva tid spørsmåla om organisert overvaking og rapportering av yrkesgrupper, så som lærarar, kjem opp for oss, også.

Vi må drøfte det i norske klasserom

No har vi i Noreg den føremonen at alle får religionsundervisning, som vil ha det, og at vi nok framleis er litt meir skulerte i «religious literacy», dei ulike religiøse kulturane. Men einkvar lærar på eitkvart nivå veit at det er ikkje så enkelt, mange veit lite både om eigen religion og om andres. Etter mi mening bør vi ta for oss det franske eksempelet, drøfte det i norske klasserom, og ha ei klår haldning til det.

I fyrste omgang bør vi, meiner eg, samle norske lærarar frå barnehage til universitet i ei samla avskyrørsle mot det som no har hendt i Frankrike. Utan klår reaksjon, og kvifor skulle ikkje den kome slik ein fekk antipoliti- og antirasisme-demonstrasjonar i Oslo og andre byar for litt sidan på grunn av hendingar i USA, som på fleire vis er fjernare for oss, ja, utan reaksjon, så vil i alle høve franske lærarar vere overlatne til seg sjølve og tilfeldigheitene.

Dei franske styresmaktene treng påskunding utanfrå til faktisk å treffe rette tiltak, anten desse er av sosial, psykologisk eller pedagogisk karakter. Våre styresmakter treng også ei påminning.