*Nettavisen* Nyheter.

Vart jaga opp i tre av 14 kosesjuke kviger

I dette treet vart Beate Haugland og Merete Haugsdal verande til hjelpa kom. Foto: Oliver Haveland (Privat)

Dette synet møtte bonde Oliver Haveland, etter å ha måtte komme til unnsetning for å berge to kvinner i naud - på flukt frå 14 kalvar.

23.06.14 10:22

- Vi vart vel sitjande i treet i ein 15-20 minutt, seier Merete Haugsdal etter at ho og Beate Haugland fekk seg ei overrasking då dei 6. juni var på kyreteljing i Nordgulen, skriver Firda.

For då dei hadde funne ni av dei totalt 14 kalvane i flokken, bestemte dei seg for å splitte seg opp. Ei avgjerd som Haugsdal fortel at viste seg å vere ein så god ide likevel.

Kom overraskande på

For då ho gjekk oppover ein bakke, dukka ei gruppe kalvar opp over kanten, då dei oppdaga ho, byrja dei å komme vel nært.

- Eg veit jo at dersom ein spring, så følgjer dei etter, seier Haugsdal og hintar til at i «panikken», så var det nettopp å springe ho gjorde. Og etter følgde kyrekalvane hakk i hel.

- Det var akkurat som på film, seier Haugsdal, som fortel at redninga frå dei springande kalvane var å søke tilflukt i eit lite tre i nærleiken. Både for ho og Haugland, som også vart jaga opp i treet av kalvane.

Her vart dei to damene sitjande, heilt til dei ikkje såg anna råd etter å ringje nabobonden etter hjelp. For medan dei var i treet, samla heile kalveflokken seg nedanfor.

Måtte ta bilde

Bonde Oliver Haveland fortel at det var eit spesielt syn som møtte han då han kom dei to damene til unnsetning. For få meter over bakken stod dei, med heile bølingen på 14 dyr, tett i tett under.

- Eg kunne ikkje dy meg, eg måtte knipse eit bilde, seier Haveland, som deretter fekk jobben med å jage vekk kalvane, slik at dei to damene kunne komme trygt ned.

- Dei var ganske kosesjuke, så det var ingen veg utanom å dytte dei vekk, seier bonden og ler.


Les flere saker i Firda

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.

Annonsebilag