*Nettavisen* Nyheter.

Friske meninger

Vyrde Landbruks og matdepartement. Vyrde Landbruksminister

 

- KINKIG SITUASJON: Odelsdatter Susanne Horpestad er fortvilet over situasjonen hun og foreldrene har havnet i. Foto: Privat

- Det som diverre gjer denne historia endå tristare, er at det finnes omtrent 200 andre like triste historia.

Dette er et meningsinnlegg skrevet av odelsdatter Susanne Horpestad, og ble opprinnelig sendt som et høringssvar om kompensasjon til pelsdyrbønder.

Denne historia er trist, og fortel om en familie som går i gjennom noko vondt. Diverre er ikkje denne historia dikta opp, den er kvardagen min. Far og mor mi er pelsdyrbønder, og står nå i ein ganske kinkig situasjon. Eg er dottera som skulle ta over, men eg kan sjå langt etter det. Det som diverre gjer denne historia endå tristare, er at det finnes omtrent 200 andre like triste historia.


Nå står me over verkelegheita med at pelsdyrnæringa skal leggjast ned. Det er trist. Men det som er enda tristare er måten desse bøndene, ja familiane, har blitt behandla på. ei fullt lovleg næring er for fyrste gong forbydt i Noreg. Det syns eg er ein skam. For med det forbodet er liva til alle pelsdyrbønder og familiane lagt i grus. Dei som køyrer maten, dei som lagar han, ja, mange er involverte her. Det er mange som må sjå seg etter eit nytt arbeide, og mange er diverre så godt opp i åra at dei har vanskeleg for å få seg nytt arbeide.

Det synes eg er skikkelig trist. Men da eg synes kanskje er enda tristare, er erstatninga bøndene får etter dette. Eg blir sint, for det er familien min si framtid dykk har i henda. Det er mor og far si framtid, og i stortinget 13.06.19 blei det sagt frå talarstolen at eit tap på 5 millionar for far er eit urimeleg tap. Sjølv fryktar eg at tapet blir større. Kanskje ikkje økonomisk, men mentalt. For å få vite at det du har jobbast med i alle år nå er ulovleg, og at du i tillegg skal straffes i erstatninga for noe du ikkje har gjort gale. Dei har dreva ei lovleg næring, på lovleg vis, og det burde man ikkje straffes for.


Eg har lært meg å ta vare på meg sjølv, å ta vare på venner og familie, og å ha fokus på at livet er både opp- og nedturar. Eg må ærlig talt seie at eg fryktar for mor og far min i dette. Dei er så sletne no, og det er tung å sjå på. Far er mykje i telefonen, og på dagar kvar noko nytt i saka kjem fram, er det nesten ikkje mogleg å snakka med dei. Dei er frustrerte og leie av å vise at dei ikkje har gjort noko gale.

Eg vil ta ein kamp for dei, og for alle andre som er i same situasjon nå. Dette er tungt, og dei fortener den positive oppmerksam dei kan få. For det er ikkje noko poeng i å lyge, dette er beintøft, for alle foreldre, besteforeldre, barn eller søsken som driver. Og det er beintøft å stå på sidelinja å sjå vegen nedover. Eg har eit håp om at ting skal løysa seg, og det skal eg forklara no.

Dette er snakk om å ta ansvar. Eine og alene. Departementet må stå for beslutningen som er tatt. Ingen har noen sinne fått målt erstatninga sin basert på bokførte verdiar før. Dette er et spill for å sleppe unna å betale full erstatning. Viss departementet bare hadde hatt mot til å tørre å si det som det er hadde det vært fint. Eg har et håp om full erstatning, ikkje fordi det gjelder mor og far, men fordi det gjelder mor og far og omtrent 200 familiar til. Eg har et håp om erstatning fordi det er det som er rett. Legger man ned en næring for fyrste gang, ja, da betaler man faktisk summen det tar å kompenser for alle følger og konsekvensar det får.


Eg er veldig på å ta ansvar. Man lærer det sakte som barn, og som voksen forventar man at andre i verden også tar ansvar. I kommunestyret lærte eg det, og møter med politikarar visar at noen av oss faktisk tar ansvar. Men det er ikkje nok, alle må ta ansvar. Gjer man noko som legg menneskjer i ruin, så er man nøgd til å t ansvar. Står man på og taler, ja da forventar eg at man svarer ærleg, og talar ærleg. Det er alltid betre med den harde sanning, enn ein løgn.

Eg vil at departementet tar ansvar. For at min framtid som pelsdyrbonde er over, for at mor og far sin framtid som pelsdyrbønder er over. For deira økonomiske framtid, for mor og far sin jobbframtid. Eg skal alltids klare å finne noe anna enn pelsdyr å drive med. Eg vil at departementet og landbruksministeren tar ansvar for de konsekvensar som følger, for mor og far sin mentale helse i tida som kommer, og for alle andre. Eg vil at noen tar ansvar og betaler det som krevjast for å leggja ned ei næring.



Olaug, eg ber deg, eller eg håpar innstendig på; kan du, neste gong du skal uttale deg på vegne av saka? Gjera det på en måndag eller tysdag, og ikkje ein torsdag før langhelg? Det er så grueleg vondt å sjå på når det gjentek seg kvar gong. Det er så mange telefonar, og så mage triste ansikt. Og kunne du med det sama, ha snakka litt meir frå det varme hjarte KrF står for, og ikkje det iskalde du snakkar frå nå, strippa for omtanke og kjærleik for menneskjer.

Med vennleg helsing

Susanne Horpestad

Odelsdotter Utsikten Gard

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.