Gå til sidens hovedinnhold

- Regjeringa veit ikkje kostnadane eller effekten av eigen klimapolitikk

Alarmklokka bør kime for alle som er opptekne av klimasaka og kva skattebetalerane sine pengar går til.

Av Jon Georg Dale, tidligere landbruks- og matminister og samferdselsminister, nå stortingsrepresentant for Fremskrittspartiet

Dette er en kommentar. Det er skribentens holdning som kommer til uttrykk.

I samband med framlegginga av statsbudsjettet får partia på Stortinget høve til å stille budsjettspørsmål.

Då må dei ulike statsrådane blant anna vise fram analyser, kostnadar og framskrivingar om politikken dei sjølv har innført.

Statsråden kan ikkje svare på kva klimapolitikken faktisk kostar Noreg.

Les også: Staten har skrevet 1200 sider om at du må endre livet ditt - men innholdet er nesten umulig å forstå

- Alarm!

Svara som no er komne frå klima- og miljøministar Sveinung Rotevatn på bestilling frå Frp, bør få alarmklokka til å gå for alle som er opptekne av klimasaka og kva skattebetalerane sine pengar går til.

Frp har bede Rotevatn om å svare på følgjande:

  • Det blir bede om ei fullstendig oversikt over tiltak i statsbudsjettet som har redusert klimagassutslepp som hovudgrunnjeving.
  • Det blir bede om ein oversikt per tiltak på kapittel og post. Vidare blir det bede om ei oversikt over kostnad per tiltak per tonn redusert utslepp av CO2.
  • Det blir bede om at det blir opplyst om tiltaka har vore evaluert på ein slik måte at effekten av tiltaket kan dokumenterast.

- Sjokkerande

Framstillinga frå Rotevatn kan lesast her, og er mildt sagt sjokkerande.

Statsråden kan ikkje svare på kva klimapolitikken faktisk kostar Noreg.

Klima- og miljødepartementet er heller ikkje i stand til å vurdere den faktiske effekten norsk klimapolitikk har på globale utsleppsreduksjonar av CO2.

Les også: Full krangel mellom Frp og Høyre: – Kaster bort penger på klimatull

I staden viser han til at det er sett ned eit utval som skal arbeide fram metodikk for utrekning av klimaeffekt i statsbudsjettet, og at deira arbeid ikkje ferdigstillast før i 2023(!).

Kost og effekt

Det skal altså gå tre år til før vi veit om politikken som blir ført, og som truleg koster norske skattebetalar fleire milliardar kroner i året, faktisk har nokon effekt.

Etter snart seks år i regjeringsapparatet er eg overbevist om at ved eitkvart anna område på statsbudsjettet ville dette ha vore heilt uhøyrt.

Kostnadskontroll, konsekvensutgreiingar og analyse har alltid vore ein føresetnad for å innføre ny politikk i Norge.

Eit helheitleg klimareknskap

Frp vil no fortsetje å utfordre Rotevatn og regjeringa om det totale kostnadsbilete og den faktiske utsleppseffekta av Noregs klimapolitikk.

Les også: Sveinung Rotevatn freder bilvasken

Vi kjem til å følgje opp denne saka tett framover for å få utvikla eit helheitleg klimareknskap som i langt større grad vurderer kost/nytte-effekt på tiltak som blir vurdert innført.

Det skal altså gå tre år til før vi veit om politikken som blir ført, og som truleg koster norske skattebetalar fleire milliardar kroner i året, faktisk har nokon effekt.

Klimapolitikken kan ikkje være unnateke dei grunnleggande analysane som alle andre må gjennom.

Ein må vise større respekt for kva politikarane bruker skattebetaleranes sine hardt opptente pengar til.

Les også: Frps Jon Georg Dale tar ikke gjenvalg til Stortinget

Vite, ikkje synse

Vi må vite, ikkje synse, slik regjeringa no verkar å gjære.

Eg bestrider ikkje at det er vanskeleg å gi svar på desse spørsmåla med millimeterpresisjon, men det er langt mellom å ikkje vite noko som helst - og det å kunne gjere greie for den grunnleggjande effekta av politikken som vert ført.

Det skuldar regjeringa alle som er opptekne av offentlige utgifter og sunn forvaltning av skattebetalerane sine pengar.

Reklame

Black weekend: Salgene fortsetter - Her får du oversikten du trenger