– Det har komme særleg mange innspel på kraftpolitikken i framtida. I tillegg til dei kortsiktige løysingane er det viktig at landsmøtet peikar ut ei retning for korleis vi skal løyse dei langsiktige problema i kraftpolitikken, seier Ola Borten Moe, Sp-nestleiar og leiar av komiteen.
Regjeringspartiet har landsmøte frå 17. til 19. mars. Ein av resolusjonane som skal behandlast der, handlar om energi. Der omtalar resolusjonskomiteen kjernekraft.
– Senterpartiet meiner tida er inne for å hente inn meir kunnskap og satse planmessig på ytterlegare forsking og kompetansebygging innanfor området, heiter det i forslaget til resolusjon.
– Regjeringas satsing på kjernefysikk og kjernekjemi i 2022 var ein god start. Som nasjon vil vi uansett måtte ta omsyn til dette, og følgjeleg har vi behov for kritisk kompetanse på området, heiter det.
(©NPK)