RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

- Små forskjellar er betre for alle

Foto: Lars Brock Nilsen
Sist oppdatert:
Gjesteredaktør Hadia Tajik skriv om sikkerhetsnettet i det norske samfunnet.

Menneske er sterke. Men me er òg sårbare.

Aldri kan me heilt verne oss mot at noko kan gå gale. Nokre uheldige vegval kan føre til at pengane ikkje strekk til. Ei krise i livet som vert døyva med alkohol kan føre til rusproblem. Ei jente kan forelske seg i ein mann som slår, og elske han så høgt at ho ikkje klarer å forlate han.

Det kan med andre ord vere kort veg til å vere «ein av dei»: dei som fell utanfor, dei som treng hjelp.

Men uflaks er ikkje rettferdig fordelt. Somme opplever det oftare enn andre.

Når det er opp mot ti års forskjell i levealder mellom øst og vest i Oslo, er det ikkje berre uflaks.

Når elevane på i ein skule aust i Oslo skårar ein heil karakter lågare enn elevane på ein skule i vest i same by, er det ikkje berre uflaks.

Når norsksomaliske Mahdi ikkje får jobb før han kallar seg Mats, er det ikkje berre uflaks.

Det er et politisk ansvar å oppdage slike mønster av «uflaks», og det er eit politisk ansvar å gjere noko med det.

Skal me få dette til, kan me ikkje berre reparere. Me må skape gode levekår for alle og sikre folk like rettar og pliktar.

Til dømes veit ein at ungdom som fell frå på vidaregåande skule, kjem ofte dårlegare ut seinare i livet. Trygge levekår gjer sjansane for at det går bra betre. Får ein like muligheiter frå barndommen av, vil ein òg klare seg betre seinare i livet.

Land med størst likskap mellom innbyggjarane har færre helseproblem og sosiale problem, betre skulekarakterar, høgare status for kvinnar, færre psykiske problem, mindre bruk av rus og høgare gjennomsnittleg levealder.

Med andre ord: Det er betre både for den enkelte og for samfunnet det er få sosiale forskjellar.

Då er det betre å bruke dei store pengane på dei store oppgåvene i samfunnet, ikkje på store skattekutt. For då vert det mindre til helse, skule, velferd – alle dei pilarane me treng for å ha ein samfunn som gjev fleire muligheiter.

Menneske er sterke, men me er også sårbare.

Me treng alle fellesskap i ulike fasar av livet. Når det buttar imot og me trenger hjelp og tryggleik - eller når lykka kjem i form av et bittelite menneske. Eit godt velferdssamfunn er forsikringa me i fellesskap gjev kvarandre. Den er sikkerheitsnettet når me fell, støttehjulet når vi opp att - og trampolinen når me er klare for å erobre verden.

Av Hadia Tajik

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere