SOGNDAL - START 2-1:

SOGN AVIS: Starten på kampen var jamnspelt, der det mest spektakulære som skjedde var at tre ballar blei skotne over tribunetaket i løpet av dei ni første minuttane. Det spørs kva det gjorde med søndagshumøret til materialforvaltar Dag Martin Fardal.

Start hadde ballen mest i den første delen av kampen, dei gule spelte med tolmod i oppbyggingsfasen, på same tid som dei var gode i presspelet sitt. Det fann ikkje heimelaget ut av, og enda dermed opp med å stadig gje vekk kula i forsøket på å koma seg framover.

Det var tydeleg at trenarapparatet på sidelinja ikkje likte det dei såg, og at spelarane ute på matta var lite komfortable med kampbiletet. Dei kvitkledde såg spørjande på kvarandre ved fleire høve, og det blei utveksla nokre meiningar att og fram rundt kven som skulle gjera kva.

Se høydepunktene fra kampen under:

Fann ikkje kvarandre

Eit konkret døme kom i kampens 28. minutt: Andreas van der Spa fekk ballen litt bak midtstreken, og såg etter ein sentral midtbanespelar å sentra til. Men han fann ingen, for det var ikkje nokon i nærleiken.

To minutt seinare skjedde det same. Jonatan Jonsson blei spelt opp på høgrekanten. Han løfta blikket, og noterte seg at det var 30 meter til næraste lagkamerat i høve sin eigen radius.

Gigasjanse

Sogndal verka rådville, og fire minutt før pause kom kampens første sjanse. Den var stor. Start broderte seg fram utan nokon særleg form for motstand, ballen blei slått inn framfor mål, der Renze Fij henta fram ei kanonredning på Tom Strannegård sin avslutning frå kort hald.

Også på returen var det skummelt, då fekk Kasper Skaanes klarert i siste liten.

Nesten på ny

Pausepraten verka ikkje å gje effekt frå avspark i andre omgang.

I staden heldt Start fram på same vis, dei brukte banestorleiken på å skaffa seg plass, og etter fem minutt var Strannegård nære på ny. Skotet frå 17 meter var skummelt, og gjekk like utanfor stolpen til Fij.

To minutt etter kom det første skikkeleg forsøket frå Sogndal, men Sondre Ørjasæter skaut over frå brukbar posisjon.

Perle og supersjanse

Men så small det! Martin Sjølstad tok med seg ballen inn i bana, og vrei over til Jonsson.

Han førte innover i bana, og limte ei perle i krysset frå 17 meter. Vakkert, klinisk og perfekt. 1–0.

Sogndal fekk blod på tann no. Kristoffer Nessø og Valdimar Ingimundarson hadde sjansar det kunne blitt meir ut av, og så kom alle sjansars Mor Theresa: Start-keeper Mark Jensen sentra ballen rett til Ørjasæter, han fekk breisida mot ope mål frå 14 meter, men skaut rett på Vito Wormgoor.

Straffespark i gåve

Å bomma har ein tendens til å straffa seg.

Like etter var heile den sentrale midtbana til Sogndal vekke, Start spelte seg enkelt gjennom, Alagie Sanyang kom i boks, og blei lagt i bakken av Daniel Arrocha som laga straffespark for andre kamp på rappen i serien.

Luc Mares var sikker, og 1–1.

Scora igjen!

Kort tid etter slo Andreas Hoven glimrande inn frå høgre, Sjølstad fekk heada heilt åleine frå fire meter, men den gjekk rett på Jensen.

Sogndal heldt trøkket oppe i denne fasen, og to minutt etter der att small det på ny. Ein høg klarering landa hjå Ingimundarson, som dunka den kontant i mål på heil volley frå 16-meteren.