SOGNDAL - RAUFOSS 2-1:

Fire minutt var spelt då kampens første sjanse kom. Ballen blei spelt på tvers framfor Raufoss sitt mål, Isaac Twum skaut frå 13 meter, men forsøket blei stoppa av ein gulkledd bortespelar.

Det var ein noko avventande start på kampen frå begge lag, men kvarteret seinare kunne Alejandro Diaz – inne i ellevaren for første gong i årets sesong – gjort det store: Han møtte corneren på første stolpe, men headinga glei av og gjekk meteren til side for mål.

Strålande frå Ørjasæter

Sogndal viste tendensar, men mangla både tempo og presisjon til å få den store forløysinga.

Men som dei fleste veit, held du på lenge nok har det ein tendens til å gå til slutt (..).

11 minutt før pause plukka Jonatan Jonsson opp ballen djupt inne på eigen halvdel. Han såg Sondre Ørjasæter ute til høgre, og slo ein perfekt gjennombrotspasning i lufta til kantkollegaen.

Ørjasæter tok med seg kula, storma mot mål, heldt hovudet kaldt sjølv om han hadde ein Raufoss-spelar i ryggen – og sette inn 1–0 på kontrollert vis.

Feilpasning og kanonskot

Så var det dette med andre omgangar på Fosshaugane. Både mot Sandnes og Bryne blei det trøbbel etter kvilen, og etter berre 90 sekund skjedde det igjen.

Isaac Twum slo ein uforståeleg feilpasning inne på eigen halvdel. Den gjekk rett til Håkon Hammer, som bestemte seg for å labba til frå over 30 meter. Pang i krysset, og 1–1.

Fem minutt seinare storma Martin Sjølstad ned venstresida og slo fint ut til Kristoffer Nessø. Han prøvde seg på heil volley, men skaut høgt over.

Sovepille

Det slo inn som ei real sovepille for heimelaget.

For den neste halvtimen skjedde det rett og slett ingenting.

Sogndal sleit med å få tak i ballen, og sleit endå meir med å gjera noko fornuftig med den dei få gongene det skjedde.

Kva som skjedde frå første omgangen, der dei var komfortable med kula og hadde den mykje, er vanskeleg å sei.

Debutanten leverte

Då såg Tore André Flo behov for å vekka laget frå dvalen. Han gjorde eit trippelbyte, der Emanuel Grønner, Erik Flataker og debutant Kasper Skaanes kom inn.

Åtte minutt før slutt dribla Ørjasæter seg fint fri ned til dødlinja, slo ut til Skaanes på 16-meteren, som skaut ballen via eit Raufoss-bein og i mål. 2–1!