Berre eitt minutt var spelt på Fosshaugane då heimelaget tok leiinga.
Eit fint brodert angrep gjorde at Kristoffer Nessø blei spelt fri litt ute til venstre inne i boksen. Han breisida ballen mot nettmaskene ytterst i målet, trefte stolpen – og på returen var Erik Flataker på rett plass og sette inn sin første scoring i OBOS-ligaen.
Gjestene hadde lite å svara med i startfasen av kampen, og fire minutt seinare kom ein ny sjanse. Sondre Ørjasæter drog seg inn i boks, men skotet gjekk meteren til side for mål.
Kampfakta:
Sogndal – Bryne 2–2 (2–0)
OBOS-ligaen, 4. serierunde, Fosshaugane Campus, laurdag 29. april
Mål: 1–0 Erik Flataker 2. min, 2–0 Valdimar Ingimundarson 33. min, 2–1 Noah Mneney 76. min, 2–2 Abel Stensrud 88. min
Gule kort: Isaac Twum, Kristoffer Nessø, Sogndal, Sondre Norheim, Bryne
Dommar: Ole-Alexander Ekeli Valen, Kråkerøy IL
Tilskodarar: 1641
Sogndal (4–3–3): Renze Fij – Andreas Hoven, Mansour Gueye, Daniel Arrocha, Martin Sjølstad – Kristoffer Nessø, Isaac Twum (Andreas van der Spa frå 68.), Valdimar Ingimundarson – Jonatan Jonsson (Per-Egil Flo frå 85.), Erik Flataker (Alejandro Diaz frå 68.), Sondre Ørjasæter
Bryne (3–5–2): Igor Spiridonov – Axel Kryger, Jens Husebø (Rogvi Baldvinsson frå 46.), Sondre Norheim – Jørgen Hatlehol, Oliver Rotihaug, Christian Landu-Landu, Andreas Dybevik, Lars Erik Søldal (Noah Mneney frå 46.) – Abel Stensrud (Elias Årsvoll frå 90.), Mamadou Diaw
Gigasjanse
12 minutt ut i kampen var det nære at eit perleangrep dobla leiinga.
Sondre Ørjasæter og Martin Sjølstad kombinerte fint på venstresida, sistnemnde la inn, Flataker heada frå fem meter, og blei berre stoppa av ein kanonredning frå Igor Spiridonov.
Det roa seg litt etter dette, men etter 25 minutt på kampuret blei det farleg på ny. Nessø blei spelt fint i bakrom, han avslutta på halvspretten, men vinkelen blei noko skrå og keeper hadde kontroll.
Gigasjanse igjen
Halvtimen ut i matchen burde det stått 2–0. Ørjasæter slo ein genial pasning gjennom feltet, slik at Flataker kom heilt åleine på tolv meter.
Men mottaket til ungguten var av det steinharde slaget, slik at han aldri fekk avslutta. Ballen blei spelt vidare, men Bryne fekk gruppert seg og blokkerte til slutt avslutninga.
Men så sat den
Maskineriet i kvitt heldt likevel fram. Denne gongen var det høgresida og den islandske duoen Jonatan Jonsson og Valdimar Ingimundarson som fiksa biffen.
Førstnemnde spelte gjennom sistnemnde, vektinga på pasninga og løpet var perfekt, og frå sju meter banka Ingimundarson nådelaust inn sitt andre på to kampar. 2–0!
Fem minutt før pause var Bryne skummelt frampå ved eit par høve etter ein corner, men sogndølene fekk blokkert det som kom.
Dabba av
Den første halvtimen etter pause skjedde det eigentleg ingenting.
Sogndal lukkast ikkje med å finna fram spelet frå før pause, og Bryne hadde ikkje all verda å koma med dei heller – sjølv om dei heva seg.
Omgangens første sjanse kom i det 73. minutt, då Renze Fij måtte strekka seg på eit godt langskot frå 20 meter.
Kort tid etter fekk gjestene corner, den stanga Noah Mneney i nettet frå kort hald og skapte med det ny spenning i kampen.
Så fekk Ørjasæter alle sjansars mor til å punktera det heile då han kom åleine frå 45 meter, men skotet hans på ein keeper langt utanfor 16-meteren enda opp med å treffa han i brystkassa.
Utlikna
Det straffa seg. To minutt før ordinær tid var ute slo Jørgen Haltehol inn frå høgre, inne i midten steig Abel Stensrud til værs og heada inn utlikninga.
2–2 og antiklimaks med Sogndal-auge.