Sogndal - Hødd 1-0

(Sogn Avis): Bortelaget fekk knapt låna ballen dei første ti minutta av kampen. Spesielt høgresida til Sogndal var frisk, og ivrige Andreas Hoven kom til fleire innlegg frå høgrebacken.

Hødd kom etter kvart meir med, og heldt på å få ei gåvepakke då kvarteret var passert. Det var hårfine marginar då keeper Renze Fij valde å testa driblekunstane etter eit tilbakespel, men det gjekk på eit vis.

Fotballkunst

Etter nitten spelte minutt kombinerte Kristoffer Nessø og Sondre Ørjasæter fint på venstre. Førstnemnde la inn til Jonatan Jonsson, som ikkje fekk stokka beina i fin posisjon.

Så var det tid for fotballmagi i regi av Sondre Ørjasæter. Han dribla og kombinerte seg meisterleg heilt inn til straffemerket, men mista balansen då han skulle avslutta.

Vonbrotet varte ikkje lenge, for heimelaget skåra like etter. Formspelar Erik Flataker steig til vers på eit innlegg og stanga inn sitt tredje seriemål for sesongen.

Etter målet la Sogndal seg djupare, og let Hødd styra meir av kampen. 1–0 stod det til pause

Kontroversiell avgjerd

Etter ein roleg start på andre omgang, fekk kaptein Per Egil Flo ein kjempesjanse i det 52. minutt. Kapteinen steig opp like føre mål men fekk ikkje skikkeleg kontakt med ballen då han skulle avslutta med hovudet.

I det 66. minutt vart Kristoffer Nessø riven ned i straffefeltet, men domar Steinar Hauga vinka spelet vidare. Til store protestar frå både publikum og spelarane i kvite drakter. Frå presseplass såg straffa ut til å vera relativt klar.

Etter ein daff start på omgangen, såg domaravgjerda ut til å vera adrenalindosen heimelaget trengde. I det 76. minutt skaut stoppar Andreas van der Spa i stolpen frå distanse, etter eit lite raid framover.

Hødd yppa seg på tampen, men Sogndal rodde sigeren greitt i land. Dermed kan dei nyta nasjonaldagen på toppen av tabellen.