Gå til sidens hovedinnhold

Test av elektriske motorsager

Stadig fleire brukar elektriske motorsager til å kappe ved. Vi har testet elektriske motorsager.

Det er Svensk maskinprovning (SMP) i Umeå som har testa sju vanlege modellar etter vanlege standardmetoder i bransjen, opplyser Stefan Frisk ved SMP.

Pass på!
Motorsagene kan vere farlege i bruk. Derfor bør du også bruke verneutstyr. Det seier John Gunnar Dokk som er avdelingsingeniør ved Institutt for naturforvaltning ved Universitetet for miljø- og biovitenskap. Du bør ha vernebukse, vernesko, hørsels- og augevern. Dessutan bør du bruke hjelm dersom du skal felle tre, seier Holm.

Full stopp.
Før du setter i gang å bruke ei motorsag bør du også sjekke at kjedebremsen virkar. Kjedebrems er obligatorisk og skal sikre at saga stoppar automatisk dersom du får kast på maskina og sagsverdet blir kasta opp mot brukaren.

Dette er eit viktig vern, seier Stefan Frisk ved SMP, men dessverre finst det ingen standardkrav for elektriske motorsager som fastset på kva belatning bremsa skal slå ut. På bensindrivne sager finst slike reglar, kjedebremsen skal utløyast av ei kraft i eit intervall mellom 20 og 60 N (Newton), seier Frisk.

Kjedebremsen bør ikkje utløyse for seint, men heller ikkje for tidleg. Då er risikoen at brukaren går lei og blokkerer bremsefunksjonen.

Når du slepper opp det såkalla pådraget på saga, bør sjølvsagt sagkjedet stoppe raskt. Alle sagene stoppar på mindre enn 1 sekund, med unntak at Partner som stoppar først etter to sekund.

Hos Husqvarna som sel Partner, får vi vite at Partner-saga er bygd opp på ein annan måte enn dei andre sagene i testen. Partner-saga tilfredsstiller likevel dei krava som blir stilt til slike produkt, og er derfor ikkje farleg å bruke, opplyser Husqvarna.

I balanse
For at sagene skal vere enkle å handtere, er det viktig at dei er balanserte og har skikkelig avstand mellom det fremste og bakre handtaket, seier Stefan Frisk.

-Avstanden er viktig for at du skal kunne parere rykk og kast på ein bra måte. Jo større avstand, jo stødigare held du saga.

Dette er testa:

Testfakta har tatt omsyn til følgande i sin test:

¿Vekt

¿Dimensjon på oljetanken og storleiken på opninga til tanken.

¿Avstand mellom handtaka

¿Balanse

¿Kjedebremsen

¿Stopptida på sagkjedet

¿Kjedehastighet

¿Kapasitet og effektivitet med omsyn til kapping

Dette kan du lese meir om på Testfakta.se

I tillegg har vi i TV 2 hjelper deg tatt omsyn til prisen på maskinene. Dermed blir vår rangering av produkta litt annleis enn hos Testfakta.

Reklame

Her får du tak i den nye Pondus-boka