Gå til sidens hovedinnhold

Test av vaskemidler

Det finst reingjeringsmiddel til nesten alle områder og til nesten alle rom i huset. Men treng du spesialmiddel til både bad og kjøkken?

Rådet frå ekspertane er at vi bør bruke mikrofiber-klutar når vi vaskar, og stadig fleire følgjer dette rådet. Kan du då kutte ut kjemikaliane og berre bruke vatn?

Teknologisk institutt (TI) er ekspertar på mellom anna reingjering og vi ville ha testa effekten av åtte ulike reingjeringsmiddel:

- Jif kjøkken
- Jif baderom
- Euroshopper kjøkken
- Euroshopper bad
- Mr Muscle bad
- Mr Muscle kjøkken
- Jif universal
- Cillit Bang

Slik blei testen utført.
Teknologisk institutt fekk produkta i nøytral emballasje, og visste dermed ikkje kva produkt som var med i testen.

Kalk, fett og proteinar er vanlege problemområder når du skal reingjere i eit hus.

Kalk er mest vanleg på badet, mens fett og proteinar som oftast dukkar opp på kjøkkenet.

Teknolgisk institutt la ut flekkar (0, 125 ml) av kalk, fett og protein på ei glatt flate. Desse flekkane fekk tørke i 2-5 dagar. For at det skulle bli lik mengde reingjeringsmiddel på kvar flekk, blei det brukt ei pipette for å tilsette 0,6 ml reingjeringsmiddel. Dette fekk lov til å virke i om lag 15 sek. Ein testsko med ein mikrofiberklut på blei køyrt over flekkane i ei maskin for å sjå kor lett det var å fjerne flekkane.

I tillegg til å teste effekten av dei 8 reingjeringsmidla, vart det også sjekka om vatn og mikrofiberklut kunne gjere jobben.

pH-verdien på dei ulike midla blei også målte, dessutan utførte TI ei visuell vurdering av om midla la igjen ei hinne eller striper på overflata.

Mikrofiber + vatn = sant
- Resultatene i denne testen viser at til det daglige renholdet kommer du langt med vanlig vann og mikrofiberklut, seier Randi Lekanger som har utført testen ved TI.

Likevel kan du ha nytte av et spesialmiddel dersom du er av typen som ikke vasker så ofte, og flekkene er spesielt inngrodde og vanskelige, legger hun til.

Best på kalk:
På kalkflekkane var alle midla, inkludert vatn, like effektive.

Euroshopper bad, Jif kjøkken og Jif baderom (dei midla i testen som hadde lav PH-verdi. PH<7) viste rett nok antydningar til å løyse opp flekkane før ein drog kluten, men alle flekkane forsvann lett når mikrofiberkluten gjekk ein gang over plata.

Best mot fett:
Også her var alle midla, inkludert vatn, like gode. Alle sammen fjerna fettflekkane enkelt. Likevel viste Cillit Bang, Jif Universal, Mr Muscle bad og Mr Muscle kjøkken antydningar til å løyse opp flekken før kluten tørka over fettet.

Best mot protein:
Proteinflekken var vanskelegare å fjerne. Her måtte mikrofiberkluten køyre mange gongar over flekkane for å fjerne dei. Produkta som sleit mest med denne typiske kjøkkenflekken var som venta, baderomsmidla.

Dei produkta som var mest effektive på protein-flekken er:

1: Cillit Bang
2: Vatn
3: Jif Universal.

I tillegg viste Euroshopper kjøkken, Mr Muscle kjøkken og Jif baderom tendensar til å legge igjen striper etter reingjeringa. Brukar du desse produkta vil det altså vere viktig å gå over overflata med tørr klut etter reingjering, dersom du vil at det skal sjå pent ut.

Lurer du på kva mikrofiberklut du bør velge?
Sjå vår test av mikrofiberklutar frå 2005.

Meir om reinhald finn du på Teknologisk institutt sine nettsider.

Reklame

Manchester City slår lillebror Manchester United søndag